page view image

Draumkvedet v/Berit Opheim og Karl Seglem

På julafta sovnar Olav Åsteson og vaknar ikkje før trettande dag jul, altså 6.januar. Då reiser han til kyrkjes og fortel om det han opplevde i denne ekstatiske søvnen; han har sett både himmel og helvete. Det er denne uhyggelege reisa me får høyra om når Opheim og Seglem framfører Draumkvedet i Holdhus kyrkje.

Informasjon
event image

Draumkvedet er eit visjonsdikt om Olav Åsteson som sovnar på julafta og vaknar ikkje før trettande dag jul. Han rir då til kyrkjes og fortel folk om «draumane mange»; han har vore vitne til ein fæl kamp mellom gode og vonde makter.  Diktet vart truleg til i seinmellomalderen og overlevde munnleg hovudsakleg i Telemark til det vart nedskrive på 1840-talet.  

Folkesongaren Berit Opheim og musikaren Karl Seglem har samarbeidd om Draumkvedet mange gonger, og gav i 2009 ut ei eiga plate med det.

Draumkvedet framført trettande dag jul i Holdhus kyrkje med desse to musikantane vil bli ei særmerkt stund. Me ser fram til ei sterk oppleving av Olav Åsteson sine visjonar i ei kyrkje som ein godt kan forstilla seg at han steig inn i for å fortelja kva han hadde drøymt dei siste tretten døgna. Sidan dette vil skje midtvinters, ei tid på året då dagens menneske ikkje oppsøkjer Holdhus kyrkje, vil framsyninga også gje oss ei sjeldan oppleving av korleis folk feira julehøgtida den gongen kyrkja var soknekyrkje og samlingsstad.

draumkvedet holdhus opheim seglem fortidsminneforeningen

Restriksjoner

Ta på varme klede og gjerne sitjeunderlag! Kyrkja er ikkje oppvarma og har ikkje toalett.

Ansvarsfraskrivelse

Med mindre framsyninga blir avlyst, blir ikkje billettar refundert.